Bakgrunn

mandag 24. januar 2011

Hjertebodens juleutfordring - Januar!


Eg har fleire år prøvd meg på å få laga julekort sånn litt i forkant av jula. Sånn rett før jul er det evig nok å henge fingrane i, så intensjonen kvart år har vore klar - dette året skal eg vere betre førebudd!! Å overhalde dette har likevel ikkje vore like lett, men i år har eg fått meg eit lite spark bak i form av den geniale utfordringa på Hjertebodens juleblogg: Lag tre julekort kvar månad heile året. Så langt har dette for min del fungert strålande (men så er vi jo framleis berre i januar då...) og her kjem mine tre første julekort i 2011. Det er akkurat i dag 11 månader til neste julafta, og eg er herved tre steg nærare ei rolegare førjulstid!

Årets første julekort vart blått, med søte Edwin på skogstur. Mønsterpapiret er Daisy D., stjernehimmel fra Stempelglede si juleplate og fugl og ekorn kutta ut med
Cricut - Happily Ever After.



Kort nummer to har nok et stempel fra Magnolia som eg ikkje hadde brukt på fleire år. Mønsterpapiret er fra 3ndy, brads frå Papirloftet, og font, hjerter, matter og tag er cricut. Har også embossa den eine plata med cuttlebug.


Siste kortet fekk ein litt annan stil, med motiv frå eit utklippsark frå Papirloftet ogmønsterpapir frå Webster´s Pages. Brads og blonde er også frå papirloftet.

3 kommentarer:

Lin-Marita sa...

Så utrulig fine kort du har laga. Digga dei! :)

Sandi Clarkson sa...

Great cards!~ hope you are feeling better by now!

Catharina sa...

Nydelige kort Stine :) Du er så flink! OG at du lager kort i januar, fantastisk ;)